Støttegrupper kan søkje om tilskot for arbeid med problematisk spillatferd

Frivillige støttegrupper for speleavhengige, og andre organisasjonar som særleg rettar verksemda mot problematisk speleåtferd, kan søkje om økonomisk støtte. Søknadsfristen er 31. januar 2016.

Skriv ut Del Publisert 06 jan. 2016 - Oppdatert 17 des. 2012

Handlingsplanen

Eitt av måla i Regjeringens handlingsplan mot spilleproblemer for 2016-2018 er tidleg identifisering og god behandling for problematisk speleåtferd. Frivillige støttegrupper er eit viktig lågterskel hjelpetilbod til menneske som opplever speleproblem. Støttegrupper bidreg saman med hjelpeapparatet og offentlege myndigheiter med å førebyggje problem og redusere skadeverknader. I tillegg har også andre organisasjonar særleg aktivitetar innafor sine område med målsetjing om å hjelpe, førebyggje eller informere om speleproblem. Det er viktig at frivillige organisasjonar med god kjennskap til feltet kan setje i gang aktiviteter basert på eigne erfaringar.

Kan søkje no

Følgjande grupper kan søkje om drifts- og/eller prosjekttilskot:

  • Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot speleavhengige eller andre med problematisk speleåtferd.
  • Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot pårørande til speleavhengige
  • Andre organisasjonar som arbeider med problemstillingar knytta til speleavhengighetsproblematikk / problematisk speleåtferd.

Pengespel og dataspel

Tilskotsordninga gjeld for både pengespel og dataspel. Vi skiljer mellom drifts- og prosjektstøtte. Frivillige organiserte støttegrupper eller andre organisasjonar som berre arbeider med problematisk speleåtferd er eit godt supplement til helseapparatet og offentlege myndigheiter. Desse kan få økonomisk driftstøtte.

Frivillige organisasjonar som arbeider særleg med problematisk speleåtferd, der målet med konkrete aktivitetar er å bidra til å hjelpe, førebyggje eller på anna måte gjere kunnskap om speleproblem kjent, kan søkje om prosjektstøtte. Prosjektstøtta er ei engongstildeling.

Krav til søknad

I søknaden må det gjerast greie for støttegruppa eller organisasjonen sin aktivitet eller mål, og kva eit tilskot skal brukast til. Organisasjonen må være registrert i Enhetsregisteret eller tilsvarande register. Det må gå tydeleg fram om det blir søkt om driftstilskot eller prosjekttilskot. Siste godkjende årsmelding og rekneskap må leggast ved søknaden. I tillegg kontoopplysningar og eventuell anna dokumentasjon av organisasjonen si verksemd, som for eksempel vedtekter. Dersom søkjar har fått tilskot tidlegare, skal rapport om bruken av desse midlane leggast ved søknaden.

2 millionar i 2016

I 2016 blir det lyst ut 2 millionar kroner. Lotteritilsynet legg til grunn at det kjem inn eit tilstrekkeleg antal søknader, og at det er stor nok breidde i søknadene for at heile potten for 2016 kan kunne tildelast.

Tildeling

Ved tildeling vil Lotteritilsynet vurdere kva søkjarar som fyller krava i Forskrift om tilskudd til frivillige organisasjoner som arbeider med problematisk spilleatferd. I tillegg vil vi legge vekt på evne til gjennomføring av tiltaket det blir søkt om og tiltaket si målgruppe. Det kan også vere aktuelt å avkorte søknadsbeløp dersom kvalifiserte søknader er større enn den totale råma for tildeling.

Merk søknaden med «drifts/prosjekttilskot 2016» og send den til:

Lotteri- og stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde

eller vedlagt e-post til: postmottak@lottstift.no

Søknadsfristen er 31. januar 2016.